Dashing - Logodesign

  • Dashing 2
  • Dashing 3
  • Papirpose Mockup
  • Dashing 8
  • Dashing 6
  • Dashing 7
  • Dashing 2
  • Dashing 3
  • Papirpose Mockup
  • Dashing 8
  • Dashing 6
  • Dashing 7

 

Logodesign for Dashing

Dashing er primært ein blomsterbutikk, men sel også ei rekke produkt og gjenstander innan gåve og interiør. I tillegg er det ei eigen event-avdeling som arbeider med alt frå blomsterbindingskurs til brudeshow. Då dei skulle opne butikken sin trengde dei eit identitetsdesign. Etter kunden sine ynskjer vart resultatet ein lekker, feminin og tidlaus logo, med inspirasjon frå ikoniske designarmerke. Dekorelementet som er plassert over teksten er 4 D'ar sett saman til eit element. Dette skapar eit kjenneteikn og ein eigenart til logoen. Logolink står for produsering av logodesign, klistremerke og fasadedekor/ foliering på butikkruter. Sidan butikken ikkje held til på Voss men i Tønsberg, vart ikkje monteringa gjort av oss denne gongen.