• Fjose Logo
  • Fjose Gard Web
  • Fjose Plakat
  • Fjose Logo
  • Fjose Gard Web
  • Fjose Plakat

 

Identitetsdesign for Fjose Gard

Fjose Gard har eksistert lenge, men med nye gardsfolk og nye idear vert garden no brukt på ein ny måte. Me har fått gleda av å laga den visuelle profilen. Å utarbeida logo er alltid kjekt og utfordrande. Denne gongen var det fleire element som skulle setjast saman til èin logo. På Fjose Gard kan du nemleg mellom anna ri og stella med hestar, og overnatta i gamle stemningsfulle bygningar. Med dei tre piktogramma i logoen skal ein få eit inntrykk av kva som skjer til gards, og fanga opp litt av stemninga ein får her. Med ny logo og grafisk profil, høyrer ny nettside til. Sidene er delt inn i tre hovuddeler: Overnatting, Hestesenter og Garden, og dei har alle kvar sin illustrasjon som ein også  finn i logoen. Sidene er laga i Joomla og kan sjølvsagt redigerast av kunden.

Tilbake til Portfolio