
.
Identitetsdesign
Gjennom logo, layout, typografi og bruk av foto og fargar, er den grafiske profilen føretaket sitt ansikt. Logolink si oppgåve er å få fram kunden sin personlegheit og visualisera bodskapen gjennom god og gjennomtenkt design. Kunden sin forretningsstategi må omsetjast til eit visuelt og kommersielt språk viss ein vil vera synleg og meir konkurransedyktig i marknaden.
Trykksaker
Logolink produserer alle typar trykksaker, alt frå visittkort til store årsmeldingar. Enkle ting lagar me på huset, elles har me produksjonsavtalar med nokre av vestlandets beste trykkeri. Me hjelper deg å finna det rette formatet for ditt bruksområde og budsjett. All design frå Logolink er skreddarsydd til kunden sin profil, og tilpassa målgruppa. Vil du å signalisera tradisjon eller nyskaping? Vil du gjera trykksaken eksklusiv med høgglansa papir, eller dempa ned med matt? Mykje er mogeleg, td. kan overflata pregast og former stansast ut. Du kan sjå nokre eksempel i produktgalleriet.
Annonser
Annonseplass i trykte eller digitale media kostar. Men med rett design og gjennomtenkt tekst kan du forsvara utgiftene fordi sjansen for å nå målgruppa og formidla bodskapen blir større. Logolink lagar annonser til aviser, magasin og internett, og me ordnar gjerne det praktiske i kontakt med ulike media.
Sjå eksempel på annonser me har laga her.
Webdesign
Logolink tilbyr funksjonelle og brukarvenlege websider med skreddarsydde løysingar. Me designar sider som skal appellera til målgruppa, med tilpassa design og funksjon. Me er opptekne av å vere oppdaterte på teknologien og gje kundane våre moderne løysingar og søkeoptimaliserte sider. Logolink tilbyr publiseringsverktøy for kundar som ynskjer å oppdatera sidene sjølve og teknologiar som Google Analytics for å måla besøk og forbetringspotensiale for sidene. Domene og webhotell ordnar me gjerne for deg viss du er ny på nettet. Har du ei side som er "gått ut på dato", bør du be oss om eit tilbod. Sjå døme på websider her.
Stempel, transfer- og klistremerke
Me leverer stempel i alle storleikar og typar, med eller utan logo.
Med transfermerke og broderte merke kan du enkelt få eksponert logo på klede og andre tekstilar. Me leverer også klistremerke for alle formål, frå merking av shampoflasker til merking av verktøy som må tola røff behandling og utandørs bruk.
Stempel Transfermerker Klistremerker
Foto og illustrasjon
Godt biletmateriell er viktig og har mykje å seie for fyrsteinntrykket, anten det gjeld ei brosjyre, webside, plakat eller annonse. Me hjelper kunden til å velje rett i eksisterande biletmateriale, og står for fotografering når det trengst nye. Til større prosjekt arrangerer me fotografering saman med reklamefotograf.
Ved nokre høve passar det betre med illustrasjonar enn foto. Logolink produserer illustrasjonar i ulike teknikkar tilpassa produktet.
Sjå nokre døme her.
Bil-, skilt- og fasadedekor
Bildekor er ein effektiv måte å eksponera firmanamnet på. Med ein kreativ vri blir du definitivt lagt merke til. Lurar du på om du skal skaffa deg bildekor, kan du ta ein titt i vårt produktgalleri for inspirasjon. Me gjer alt frå måltaking til montering. Ta gjerne kontakt for tilbod.
For ein butikk er skilting og reklamefoliering viktig. Kunden skal få eit godt fyrsteinntrykk og lyst til å gå inn. Logolink lagar forslag og skisser før produksjon, også prinsippskisser for godkjenning hjå kommunen. Logolink produserer skilt til større bygg og skilt til vegmerking. Sjå døme på fasade- og skiltløysingar her.
Roll-up, plakatar og flagg
Ved arrangement og tilstellingar er beachflagg, banner og flagg ein effektiv måte å profilera seg og få fram ein bodskap. Me leverer banner i mange former og materiale. Skal du ha stand innandørs, kan ein roll-up vera det rette. Sjå døme i vårt produktgalleri her.
Tekst og kommunikasjon
Har du ein forretningsidé, eit produkt eller nytt firma, men manglar namnet? Logolink kan hjelpa med å skapa eit godt namn og slagord. Me legg vekt på kva som skal framhevast overfor målgruppa. Me tilbyr også tekstforfatting til brosjyrer, brev, websider og liknande. Ein god tekst er viktig for all kommunikasjon og reklame! Treng du omsetting til engelsk, eller berre ein språkvask, kan me hjelpa deg med dette også.



