• IHM Logo 6
  • IHM Logo 1
  • IHM Logo 5
  • IHM Logo 2
  • IHM Webdesign 3
  • IHM Webdesign 2
  • IHM Mobil
  • IHM Logo 6
  • IHM Logo 1
  • IHM Logo 5
  • IHM Logo 2
  • IHM Webdesign 3
  • IHM Webdesign 2
  • IHM Mobil

 

Identitetsdesign for Indre Hordaland Miljøverk

IHM er ein av mange tilbakevendande kundar hjå oss på Logolink. I 2015 bestemte dei seg for å få eit ansiktsløft både på webdesign og logodesign. Me fekk den spennande jobben å utvikla dette saman med dei!

Nettsida til IHM har svært mykje informasjon og skal nå ut til eit stort publikum i alle aldrar. Difor er det viktig å organisere innhaldet på ein logisk og strategisk måte. Store delar av jobben med denne nettsida gjekk til å undersøkje kva folk flest lurar på når dei går inn på IHM sine nettsider. Etter nøye analyse i Google analytics, fekk me ein klar oversikt over kva me måtte leggja vekt på. Dette har resultert i ei brukarvenleg nettside, som fungerer like godt på store skjermar som på mobil og nettbrett.

Kunden ønskte at det nye logodesignet skulle ha slektskap til den førre logoen. Difor tok me vidare symbolet, men med eit forenkla og tidsriktig uttrykk. Me har valt å bruke forkortinga "IHM", fordi det er eit veletablert firma og blir enklare å bruke i praksis. Det er to logoversjonar som ein kan bruke til forskjellige formål. Det er også lagt opp til ei underlinje dersom dei ønsker å bruke det. Logoen fungerer godt både i positiv og negativ, som er viktig når ein skal plassere logo på bilete og liknande.

Tilbake til Portfolio