Løypekart Myrkdalen

Me i Logolink har vore med i utviklinga i Myrkdalen frå me starta firmaet. Redigering og utviding av løypekartet har såleis vore ein fast jobb når sommaren er over og planane for komande skisesong er i boks. Etter kvart som nye bygg har skote opp, og nye løyper og heisar har dukka opp i terrenget, har me "photoshoppa" og  fått på plass detaljane i samråd med John Ivar Norheim i Myrkdalen Fjellheisar. Me gjer også den same jobben for det andre store skianlegget på Voss. Voss Resort har ein teikna bakgrunn i staden for ein fotomontasje. Jobben vår er den same, med kombinasjon av punktgrafikk og vektorgrafikk.

Tilbake til Portfolio