S. Endeve Sport - Fasadedekor

  • Fasadedekor
  • Fasadedekor
  • Fasadedekor
  • Fasadedekor

 

Fasadedekor for S. Endeve Sport

S. Endeve Sport på Voss er ein sportsbutikk med lange tradisjonar heilt tilbake til 1910. Dei ville gjerne vise dette på ein del av fasaden. Tekstane er skrivne av Arne Hjeltnes. Bileta kjem frå Herheim foto sitt rikhaldige arkiv, og frå Arne Hofseth. Her har me brukt print på frosta folie, slik at dekoren slepp inn litt ljos og fasaden verkar ikkje så avstengd. Materialet passar godt saman med aluminiumsrammene på vindaugene. Eit anna oppdrag var å laga vektorgrafikk av eit gamalt teikna motiv, laga av Sjur Endeve sjølv. Dette vart også montert på eit butikkvindauge i butikken deira.