Smalahovetunet - Visittkort og logodesign

  • Logo
  • Smalahovetunet Logo 2
  • Smalahovetunet Visittkort
  • Logo
  • Smalahovetunet Logo 2
  • Smalahovetunet Visittkort

 

Visittkort og logodesign for Smalahovetunet

Smalahovetunet er ein velkjend kulturbærar på Voss og omegn. I desse dagar held me på med nye nettsider for dei, og i denne samanheng ville me sjå om logoen kunne forbetrast, samtidig som det velkjente Tarald-smalahovudet vart verande. Før var illustrasjonen av smalahovudet ein del av logoteksten, men no har me tatt den ut av skriftbildet og plassert den for seg sjølv øvst. Logoteksten har fått ein ny font med personleg karakter som passar Smalahovetunet godt. Dei nye visittkorta har ei bakside med bilete av gamalt treverk, nett som dei flotte veggane i det gamle stabburet på garden.