lisas negledesign visittkort

 

Visittkort for Lisa's Negledesign

Me designa og produserte eit lite opplag visittkort til Lisa's Negledesign. Ho har eit nyoppstarta enkeltmannsforetak, der ho driv med forlenging og forsterkning av negler. Dekorerer med fargar, glitter og bling. Ho ville ikkje ha det typiske overfeminine uttrykket som mange skjønnheitssalongar har. Då gjekk me for eit stillisert, moderne og enkelt uttrykk, samtidig som det er delikat og lekkert. Motivet er ei abstrahert hand og eit grått felt i ei diagonal linje som skapar kontrast og dynamikk.

Tilbake til Portfolio