Logolink tilbyr tenester innan grafisk design, digital marknadsføring, nettsider og innhaldsproduksjon, trykksaker, bildekor, skilting og mykje meir. Kom gjerne innom Vangsgata 26 og ta ein prat med tre kreative sjeler som elskar faget og kjenner marknaden godt etter 15 års fartstid på Vossevangen.
Sjekk ut våre nyaste reklame- og designprosjekt:
Våre tenester
Her finn du ei oversikt over produkta me tilbyr kundane våre. Tenestene inkluderer det meste innan design og reklame, så berre scroll deg nedover til du finn det du er ute etter!
Nettbutikk
I nettbutikken vår finn du kunstplakatar med lokale motiv til å pynta opp både heim og hytta. Me har òg kort på nynorsk, Vossaspelet og puslespel. Alle produkta er teikna og designa her på Voss, og er supre som gåver om du vil gje vekk noko med ein lokal vri. Alt på nynorsk og utan bruk av KI sjølvsagt!
Webdesign
Logolink tilbyr funksjonelle og brukarvenlege websider med skreddarsydde løysingar. Me designar sider som skal appellera til målgruppa, med tilpassa design og funksjon. Me er opptekne av å vera oppdaterte på teknologien og gje kundane våre moderne løysingar og søkeoptimaliserte sider. Logolink tilbyr publiseringsverktøy for kundar som ynskjer å oppdatera sidene sjølve og teknologiar som Google Analytics for å måla besøk og forbetringspotensiale for sidene. Domene og webhotell ordnar me gjerne for deg viss du er ny på nettet.
Logo- & identitetsdesign
Gjennom logo, layout, typografi og bruk av foto og fargar, er den grafiske profilen føretaket sitt ansikt. Logolink si oppgåve er å forsterka kunden sitt særpreg og visualisera bodskapen gjennom god og gjennomtenkt design. Kunden sin forretningsstrategi må omsetjast til eit visuelt og kommersielt uttrykk for å vera synleg og meir konkurransedyktig i marknaden.
Trykksaker
Logolink produserer alle typar trykksaker, alt frå visittkort til store årsmeldingar. Enkle ting lagar me på huset her på Voss, elles har me produksjonsavtalar med fleire av vestlandets beste trykkeri og digitaltrykkeri. Me hjelper deg å velja rett type trykksak for ditt bruksområde og budsjett. All design frå Logolink er skreddarsydd til kunden sin profil, og tilpassa målgruppa. Vil du å signalisera tradisjon eller nyskaping? Vil du gjera trykksaken eksklusiv med høgglansa papir, eller miljøvenleg med matt? Mykje er mogeleg, td. kan overflata pregast og former stansast ut.
Bildekor
Bildekor er ein effektiv måte å eksponera firmanamnet på. Med ein kreativ vri blir du definitivt lagt merke til på vegen. Folie får du i alle slags fargar, og om ein ynskjer å dekorera med foto eller gradering av fargar så kan det printast på vinylfolie. Lurar du på om du skal skaffa deg bildekor, kan du ta ein titt i vår portfolio for inspirasjon. Me gjer alt frå å ta mål og laga skisser, til montering. Ta gjerne kontakt for tilbod.
Skilt- & fasadedekor
Vindauge og fasade er perfekt plass for reklame, og med litt omtanke i designet kan ein skilja seg litt ut. Logolink kjem gjerne med forslag og skisser før produksjon, og me kan også levera prinsippskisser for godkjenning hjå kommunen. I tillegg til folie leverer me skilt og utskorne bokstavar til større bygg. Ta eit titt i vår portfolio og sjå litt av kva me har levert.
Klistremerke & etikettar
Me leverer klistremerke for alle formål, frå merking av kosmetikk og flasker, til merking av verktøy som må tola røff behandling og utandørs bruk. Me leverer også stempel i alle storleikar og typar, med eller utan logo. Med transfermerke og broderte merke kan du enkelt få eksponert logo på klede og andre tekstilar.
Roll-up, banner & flagg
Ved arrangement og tilstellingar er beachflagg, banner og flagg ein effektiv måte å profilera seg og få fram ein bodskap. Me leverer banner i mange former og materiale. Skal du ha stand innandørs, kan ein roll-up vera det rette.
Film & presentasjonar
Treng du hjelp til å presentera noko? Kanskje du ser for deg ein liten film eller ein powerpoint-presentasjon for å framføra bodskapen din, men veit ikkje heilt korleis det skal setjast saman. Me lagar informative presentasjonar som er visuelle, informative og velordna. Kombinasjonen av gjennomtenkte grafiske element, film og lyd, gjev eit godt grunnlag til å fanga publikumet si merksemd.
Annonser & plakatar
Annonseplass i trykte eller digitale media kostar gjerne mange pengar. Men med rett design og gjennomtenkt tekst kan du forsvara utgiftene, fordi sjansen for å nå målgruppa og formidla bodskapen blir større. Logolink lagar annonser til aviser, magasin og internett, og me ordnar gjerne det praktiske i kontakt med ulike media.
Tekst og kommunikasjon
Har du ein forretningsidé, eit produkt eller nytt firma, men manglar namnet? Logolink kan hjelpa med å skapa eit godt namn og slagord. Me legg vekt på kva som skal framhevast overfor målgruppa. Me tilbyr også tekstforfatting til brosjyrer, brev, websider og liknande. Ein god tekst er viktig for all kommunikasjon og reklame! Treng du omsetting til engelsk, eller berre ein språkvask, kan me hjelpa deg med dette også.
Illustrasjon & foto
Gode illustrasjonar og bilete er viktig og har mykje å seia for fyrsteinntrykket og for å få fram bodskapen, anten det gjeld ei brosjyre, webside, plakat eller annonse. Me hjelper kunden å ta bilete eller velga ut av eksisterande biletmateriale. Til større prosjekt arrangerer me fotografering saman med reklamefotograf.
Ofte passar det best med illustrasjonar, og Logolink produserer illustrasjonar i ulike teknikkar tilpassa produktet.
Reklameartiklar
Med den rette reklameartikkelen kan ein enkelt og billeg få eksponert firmanamn, logo eller ein bodskap. Det meste kan dekorerast - alt frå den tradisjonelle t-skjorta til verktøy, koppar og handleposar. Kontakt oss, så kan me koma med forslag til kva slags reklameartiklar som kan passa til di verksemd.