• Vossaspelet design og illustrasjon
  • Nettside Samling 18
  • Vonett grafisk profil
  • Logosamling LogolinkAS
  • Vangen Elektriske bildekorering
  • Bildekor Voss Camping

15 år!

Det var det året iPhone vart lansert og Brann vart seriemeister. Fem brurepar gifta seg i Vangskyrkja 07.07.07. Hordaland melde om rekordhøg straumpris på opp mot ei krone. 3G var nytt og Lunde Aarvik vart ordførar.

Mykje vatn har runne i Vangsvatnet sidan me for fyrste gong stilte med blanke ark og nyspissa blyantar i eige firma. Ting endrar seg, men 15 år seinare er levebrødet vårt det same; å levera kreative, fine og funksjonelle løysingar for kundane våre.

På desse åra har me vore både høgt og lågt på Voss og i grannekommunane; frå tårnet på den 200 m høge Hardangerbrua til kvelven i Vekselbanken, frå Hangurstoppen til bryggja i Flåm. Men det meste av tida sit me framfor skjermen der kunnskap og idéar blir til grafisk design, digitale produkt eller produksjonsfiler. Sjølv om faget heile tida er i endring, er basiskunnskap og nøgde kundar like viktig som det alltid har vore. Når me ser oss tilbake er det kjekt å sjå kor mange kundar me har hjelpt, og kor mange løysingar og produkt me har levert som har sett spor etter seg.

Frå 2007 til 2012 hadde Logolink kontor i Vangsgata 33, før me kjøpte lokale på gateplan i Vangsgata 26 - nabobygget til banken ved torget. Her er du velkomen innom for å slå av ein prat over ein kopp kaffi. La oss gjerne fortelja meir i detalj kva me kan tilby. Logolink rundar 15, utan at me dvelar så mykje ved det. Men jubileet inspirerer oss til å sjå framover mot nye, spennande år!

  •  MG 1649
  • IMG 0346
  • DSC00143
  • IMG 1694
  • IMG 2744
  • Logolink Inge Kulturhus 4a
  •  MG 3962
  • 1
  • IMG 3564
  • Logolink Inge Kulturhus 13
  • IMG 6974
  • IMG 0412
  •  MG 0097
  •  MG 0396
  •  MG 1144
  •  MG 4567
  •  MG 5239
  •  MG 5411
  •  MG 9112
  • Image 5
  •  MG 1649
  • IMG 0346
  • DSC00143
  • IMG 1694
  • IMG 2744
  • Logolink Inge Kulturhus 4a
  •  MG 3962
  • 1
  • IMG 3564
  • Logolink Inge Kulturhus 13
  • IMG 6974
  • IMG 0412
  •  MG 0097
  •  MG 0396
  •  MG 1144
  •  MG 4567
  •  MG 5239
  •  MG 5411
  •  MG 9112
  • Image 5

 

Følg oss!

Sjå fleire blogginnlegg frå ditt reklamebyrå på Voss

Web

Web

Logolink lagar funksjonelle og brukarvenlege websider med skreddarsydde løysingar.
Design

Design

Kunden sitt produkt eller bodskap står tydlegare fram ved rett bruk av visuelle verkemiddel.
Strategi

Strategi

Har du ein forretningsidé, eit produkt eller nytt firma? Logolink hjelper deg med identitetsbygging.

Følg @logolink_as på Instagram!