Design og programmering for Hardanger Energi AS og Indre Hordaland Kraftnett AS

Før var det gjerne eitt og same selskap som produserte og selde straumen, og leverte til stikkontakten din. No er reglane slik at produsentane konkurrerer om å selja deg straum, medan nettselskapet som fører straumen fram til huset tek betalt gjennom netteleiga. For å sikra like konkurransevilkår så skal det vera eit skilje mellom straumleverandør og nettselskap. Slik vart Hardanger Energi AS og Indre Hordaland Kraftnett AS to selskap eigd av Energiselskapet Hardanger AS. Logolink fekk oppdraget med å laga nettsider for desse to selskapa. Sidene skal ha ein lokal identitet, men det viktigaste i oppdraget var å rydda opp i den omfattande informasjonen og gjera det enklare for kundane å finna viktig informasjon, tips og råd. Fleire skjema og kontaktpunkt er gjort digitale slik ein forventar i 2024, og alt innhald er søkbart. Sidene gjer informasjonsarbeidet enklare for energiselskapet, og kundane møter ryddig og tydeleg informasjon

macbook pro screen mockup floating inside a minimalist surface 65 el

Hardanger energi iphone logolink

 

Følg oss!

Sjå fleire blogginnlegg frå ditt reklamebyrå på Voss