Det var det året iPhone vart lansert og Brann vart seriemeister. Fem brurepar gifta seg i Vangskyrkja 07.07.07. Hordaland melde om rekordhøg straumpris på opp mot ei krone. 3G var nytt og Lunde Aarvik vart ordførar.
Mykje vatn har runne i Vangsvatnet sidan me for fyrste gong stilte med blanke ark og nyspissa blyantar i eige firma. Ting endrar seg, men 15 år seinare er levebrødet vårt det same; å levera kreative, fine og funksjonelle løysingar for kundane våre.
På desse åra har me vore både høgt og lågt på Voss og i grannekommunane; frå tårnet på den 200 m høge Hardangerbrua til kvelven i Vekselbanken, frå Hangurstoppen til bryggja i Flåm. Men det meste av tida sit me framfor skjermen der kunnskap og idéar blir til grafisk design, digitale produkt eller produksjonsfiler. Sjølv om faget heile tida er i endring, er basiskunnskap og nøgde kundar like viktig som det alltid har vore. Når me ser oss tilbake er det kjekt å sjå kor mange kundar me har hjelpt, og kor mange løysingar og produkt me har levert som har sett spor etter seg.
Frå 2007 til 2012 hadde Logolink kontor i Vangsgata 33, før me kjøpte lokale på gateplan i Vangsgata 26 - nabobygget til banken ved torget. Her er du velkomen innom for å slå av ein prat over ein kopp kaffi. La oss gjerne fortelja meir i detalj kva me kan tilby. Logolink rundar 15, utan at me dvelar så mykje ved det. Men jubileet inspirerer oss til å sjå framover mot nye, spennande år!