Bjørgum Mekaniske AS har i over 20 år levert produkt til oljebransen der kvalitet og toleransekrav er heilt avgjerande.
Frå ein sped start har selskapet vakse til ein solid industriarbeidsplass i nye lokale på Istad industripark. Logoen og nettsida var derimot som før, og det var behov for ein ny stil som avspeiglar kvalitet og ei moderne mekanisk verksemd. No har Logolink smidd ein ny logo, skrudd saman illustrasjonar og dreia tekstar som tek den framtidsretta bedrifta vidare. Sjå bjorgum-mekaniske.no