I år fyller Logolink heile 18 år, og det skjer store ting om dagen!  

I 2025 gjennomfører Logolink eit eigarskifte. Etter 40 år i bransjen går Inge Draugsvoll, som starta Logolink saman med Anne-May Hofseth, inn i pensjonisttilværet. No er det Anne-May Hofseth og Kristoffer Larsen som eig og styrer verksemda vidare inn i framtida.

Kristoffer er oppvaksen i Oslo, men har gifta seg med ei frå Voss og busett seg på Palmafossen. Han har blitt partnar i Logolink og har brei erfaring frå designbransjen. Før han flytta til Voss, arbeidde han i både Oslo og Bergen med digitale løysingar for både private og offentlege verksemder. Sidan oppstarten i 2007 har Logolink levert design- og kommunikasjonsløysingar, grafisk design, profilering, trykk, skilt og digitale tenester til kundar på Voss og i regionen.

I år markerer me 18 år med drift. Som ein del av den digitale satsinga ønskjer me Magnar Lussand Selheim velkommen på laget. Magnar er tilsett som utviklar og vil bidra til å løfte satsinga vidare. Framover vil vi ha fokus på å tilby design- og digitale tenester til både lokale og nasjonale kundar. Logolink vil framleis bidra med kreativitet og engasjement i bygda. Etter 18 år på Vossevangen kjenner me marknaden godt og er oppdaterte på lokale behov.

Har du ei utfordring til oss? Velkomen innom kontoret for ein prat!

 

 

 

Følg oss!

Sjå fleire blogginnlegg frå ditt reklamebyrå på Voss