Ein trend i nye offentlege bygg er store glasfelt. Slik også på Voss, som i gondolbygget og i det nye "politihuset" i Brynalii. Av naturlege grunnar trengst det merking på glaset der folk kan gå rett på. I offentlege bygg er det pålagt med universal merking.
Denne gongen har me foliert både innandørs og på fasaden til det flunkande nye bygget til Gjeraldstveit Mekaniske på Brynamoen.
Takk til Gjeraldstveit Mekaniske, Vegtilsynet, Lindstad Bygg og Johs. E. Øvsthus for oppdraga!
Treng du foliering på glasruter? Når ein fyrst er i gang med foliering, kan ein også laga sprekt design. Kanskje utsnitt av logoen, eller eit stilig transparent print? Følg oss på Facebook og Instagram og sjå fleire eksempel!