Bordalen Hyttegrend - Web- og logodesign

  • Bordalen 1
  • Bordalen 2
  • Bordalen 3
  • Bordalen 4
  • Bordalen 1
  • Bordalen 2
  • Bordalen 3
  • Bordalen 4

 

Web- og logodesign for Bordalen Hyttegrend

Bordalen Hyttegrend har mykje fint å visa, og Logolink fekk i oppdrag å presentera dette på internett. Her er litt tekst saksa frå sida: Bordalen har ein vakker og variert natur. Men her er ingen gjennomgangstrafikk, og dalen ligg derfor som ei gøymt perle. Dalen strekker seg frå det berømte og spektakulære Bordalsgjelet 1 km frå Voss sentrum, og 10 km sørover til Rong. Dalen tilbyr rekreasjon, naturopplevingar og aktivitetar heile året. Og ikkje minst er dalen ei levande bygd der folk bur, trivest og arbeider. Landskapet heilt frå Vangsvatnet til høgfjellet ber preg av jordbruk og husdyrhald gjennom generasjonar. Enger, stiar, beiteland og stølsvollar fortel si eiga historie. I dag er dette supplert med nye aktivitetar som Bordalen Hyttegrend, Synnøva-Tunet, Husdyrparken, Voss Hyttegrend og Voss Ski og Tursenter. Bordalselva slyngjer seg gjennom dalen og kan brukast til fisking og bading, til liks med fjellvatna i området. Vinterstid er det flotte preparerte skiløyper like ved, og set du deg i bilen er det nokre minutt til sentrum eller til alpinløypene.