Kunstplakat - Oksen, vêrvarsel i fjorden (blågrøn)

650 kr pr stk
Plakatstorleik

Pynt opp i heimen eller på kontoret med Oksen! Ein topp som folk kjem langvegsfrå til Hardanger og Voss for å bestiga. Ein nydeleg tur både sommar og vinter, med fantastisk utsikt over fjord og fjell.

I gamledagar då ein ikkje hadde TV, appar og slike ting, brukte dei lokale bøndene fjellet til å spå vêret. På teikninga finn du orda: "Har Oksen hatt vert da regn i natt, har Oksen trøya må du ut og høya! Vêrvarsel i fjorden"

Teikninga er laga for hand på digitalt teiknebrett av Anne-May Hofseth, og er digitaltrykt på matt papir. Den kjem i storleiken 50 x 70 cm, som er standard rammemål.

Pris er utan innramming.