Salsvilkår

Innleiing

Kjøp frå nettbutikken på logolink.no er regulert av standard salsvilkår for forbrukarkjøp av varer over Internett, referert på denne sida. Forbrukarkjøp over internett vert i hovudsak regulert av avtalelova, forbrukarkjøpslova, marknadsføringslova, angrerettlova og ehandelslova, og desse lovene gir forbrukaren ufråvikelege rettar. Lovene er tilgjengelege på www.lovdata.no. Vilkåra i denne avtalen skal ikkje forståast som avgrensing av dei lovfesta rettane, men stiller opp partane sine viktigaste rettar og plikter for handelen.

Salsvilkåra er utarbeidde og tilrådde av Forbrukertilsynet.

1. Avtalen

Avtalen består av desse salsvilkåra, opplysningar gjevne i bestillingsløysinga og eventuelt særskilt avtalte vilkår. Ved eventuell motstrid mellom opplysningane, går det som særskilt er avtalt mellom partane føre, så fremt det ikkje strir mot ufråvikeleg lovgjeving.

Avtalen vil i tillegg bli utfylt av relevante lovfesta vilkår som regulerer kjøp av varer mellom næringsdrivande og forbrukarar.

2. Partane

Seljar er Logolink AS, Vangsgata 26 A - 5700 Voss, Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den., telefon 91700600, org.nr. 991252541, og vert omtalt som seljar/seljaren i det følgjande.

Kjøpar er den forbrukaren som utfører bestillinga, og vert omtala som kjøpar/kjøparen i det følgjande.

3. Pris

Den oppgjevne prisen for varer og tenester er den totale prisen kjøparen skal betale. Denne prisen inkluderer alle avgifter og tilleggskostnader. Ytterlegare kostnader som seljar ikkje har informert om før kjøpet, skal kjøparen ikkje bere.

4. Avtaleinngåing

Avtalen er bindande for begge partar når kjøparen har sendt si bestilling til seljaren.

Avtalen er likevel ikkje bindande dersom det har førekome skrive- eller tastefeil i tilbodet frå seljaren i bestillingsløysinga i nettbutikken eller i kjøparen si bestilling, og den andre parten innsåg eller burde ha innsett at det førelåg ein slik feil.

5. Betaling

Seljaren kan krevje betaling for vara frå det tidspunktet den vert sendt frå seljaren til kjøparen.

Dersom kjøparen brukar kredittkort eller debetkort ved betaling, kan seljaren reservere kjøpesummen på kortet ved bestilling. Kortet vert belasta same dag som vara vert send.

Ved betaling med faktura vert fakturaen til kjøparen sett opp ved sending av vara. Betalingsfristen kjem fram av fakturaen og er på minimum 14 dagar frå mottak.

Kjøparar under 18 år kan ikkje betale med etterfølgjande faktura.

6. Levering

Levering er skjedd når kjøparen, eller denne sin representant, har overtatt vara.

Dersom ikkje leveringstidspunkt kjem fram av bestillingsløysinga, skal seljaren levere vara til kjøparen utan unødig opphald og seinast 30 dagar etter bestillinga frå kunden. Vara skal leverast hjå kjøparen, med mindre noko anna er særskilt avtalt mellom partane.

7. Risikoen for vara

Risikoen for vara går over på kjøparen når han, eller kjøparen sin representant, har fått vara levert i tråd med punkt 6.

8. Angrerett

Med mindre avtalen er unntatt frå angrerett, kan kjøparen angre kjøpet av vara i samsvar med angrerettlova.

Kjøparen må gje seljaren melding om bruk av angreretten innan 14 dagar frå fristen byrjar å løpe. I fristen er alle kalenderdagar inkludert. Dersom fristen endar på ein laurdag, helge- eller høgtidsdag, vert fristen forlenga til nærmaste arbeidsdag.

Angrefristen vert rekna for halden dersom melding er sendt før fristen går ut. Kjøparen har bevisbyrden for at angreretten er blitt gjort gjeldande, og meldinga bør derfor skje skriftleg (angrerettskjema, e-post eller brev).

Angrefristen gjeld frå:

  • Ved kjøp av enkeltståande varer vil angrefristen gå frå dagen etter varene vert mottekne.
  • Vert det selt eit abonnement, eller inneber avtalen regelmessig levering av likeartede varer, går fristen frå dagen etter første sending vert motteke.
  • Består kjøpet av fleire leveransar, vil angrefristen gå frå dagen etter siste leveranse vert motteken.

Angrefristen vert utvida til 12 månader etter utløpet av den opphavlege fristen dersom seljar ikkje før avtaleinngåinga opplyser om at det er angrerett og standardisert angreskjema. Tilsvarande gjeld ved manglande opplysningar om vilkår, tidsfristar og framgangsmåte for å nytte angreretten. Syter den næringsdrivande for å gje opplysningane i løpet av desse 12 månadene, går angrefristen likevel ut 14 dagar etter den dagen kjøparen mottek opplysningane.

Ved bruk av angreretten må vara leverast tilbake til seljaren utan unødig opphald og seinast 14 dagar frå melding om bruk av angreretten vert gjeven. Kjøparen dekkjer dei direkte kostnadene ved å returnere vara, med mindre noko anna er avtalt eller seljaren har unnlate å opplyse om at kjøparen skal dekkje returkostnadene. Seljaren kan ikkje fastsetje gebyr for kjøparen si bruk av angreretten.

Kjøparen kan prøve eller teste vara på ein forsvarleg måte for å fastsetje vara sin art, eigenskapar og funksjon, utan at angreretten fell bort. Dersom prøving eller test av vara går ut over det som er forsvarleg og naudsynt, kan kjøparen bli ansvarleg for eventuell redusert verdi på vara.

Seljaren er plikta til å tilbakebetale kjøpesummen til kjøparen utan unødig opphald, og seinast 14 dagar frå seljaren fekk melding om kjøparen si avgjerd om å nytte angreretten. Seljaren har rett til å halde tilbake betalinga til han/ho har motteke varene frå kjøparen, eller til kjøparen har lagt fram dokumentasjon for at varene er sendt tilbake.

9. Forsinking og manglande levering - kjøparen sine rettar og frist for å melde krav

Dersom seljaren ikkje leverer vara eller leverer den for seint i samsvar med avtalen mellom partane, og dette ikkje skyldes kjøparen eller forhold på kjøparen sin side, kan kjøparen i samsvar med reglane i forbrukarkjøpslova kapittel 5 etter omstende haldne halde kjøpesummen tilbake, krevje oppfylling, heve avtalen og/eller krevje erstatning frå seljaren.

Ved krav om mislighaldsfråsegn bør meldinga av bevishensyn vere skriftleg (t.d. e-post).

Oppfylling

Kjøparen kan halde fast ved kjøpet og krevje oppfylling frå seljaren. Kjøparen kan likevel ikkje krevje oppfylling dersom det føreligg ei hindring som seljaren ikkje kan overvinne, eller dersom oppfylling vil medføre ein så stor ulempe eller kostnad for seljaren at det står i vesentleg misforhold til kjøparens interesse i at seljaren oppfyller. Skulle vanskane falle bort innan rimelig tid, kan kjøparen likevel krevje oppfylling.

Kjøparen taper sin rett til å krevje oppfylling om han eller ho ventar urimeleg lenge med å fremme kravet.

Heving

Dersom seljaren ikkje leverer vara på leveringstidspunktet, skal kjøparen oppmode seljaren om å levere innan ein rimelig tilleggsfrist for oppfylling. Dersom seljaren ikkje leverer vara innan tilleggsfristen, kan kjøparen heve kjøpet.

Kjøparen kan likevel heve kjøpet umiddelbart dersom seljaren nekter å levere vara. Tilsvarande gjeld dersom levering til avtalt tid var avgjerande for inngåinga av avtalen, eller dersom kjøparen har underretta seljaren om at leveringstidspunktet er avgjerande.

Leveres tingen etter tilleggsfristen forbrukaren har sett eller etter leveringstidspunktet som var avgjerande for inngåinga av avtalen, må krav om heving gjerast gjeldande innan rimelig tid etter at kjøparen fekk vite om leveringa.

Erstatning

Kjøparen kan krevje erstatning for tap som følgje av forseinkinga. Dette gjeld likevel ikkje dersom seljaren godtgjer at forseinkinga skuldast hindring utanfor seljaren sin kontroll som ein ikkje på rimeleg viss kunne teke omsyn til, unngått, eller overvunne følgjene av i avtaletida

10. Mangel ved vara - kjøparen sine rettar og reklamasjonsfrist

Dersom det er ein mangel ved vara må kjøparen innan rimeleg tid etter at mangelen vart oppdaga eller burde ha blitt oppdaga, gje seljaren melding om at han eller ho vil påberope seg mangelen. Kjøparen har alltid reklamert tidsnok dersom det skjer innan 2 månadar frå mangelen blei oppdaga eller burde ha vorte oppdaga. Reklamasjon kan skje seinast to år etter at kjøparen overtok vara. Dersom vara eller delar av den er meint å vare vesentlig lenger enn to år, er reklamasjonsfristen fem år.

Dersom vara har ein mangel og dette ikkje skuldast kjøparen eller forhold på kjøparen si side, kan kjøparen i samsvar med reglane i forbrukarkjøpslova kapittel 6 etter omstende halde halde kjøpesummen tilbake, velje mellom retting og omlevering, krevje prisavslag, krevje avtalen heva og/eller krevje erstatning frå seljaren.

Reklamasjon til seljaren bør skje skriftleg.

Retting eller omlevering

Kjøparen kan velje mellom å krevje mangelen retta eller levering av tilsvarande ting. Seljaren kan likevel motsetje seg kjøparen sitt krav dersom gjennomføringa av kravet er umogleg eller påfører seljaren urimelege kostnader. Retting eller omlevering skal skje innan rimeleg tid. Seljaren har i utgangspunktet ikkje rett til å gjera meir enn to avhjelpingsforsøk for same mangel.

Prisavslag

Kjøpar kan krevje eit passande prisavslag dersom vara ikkje vert retta eller omlevert. Dette inneber at forholdet mellom nedsett og avtalt pris tilsvarar forholdet mellom vars sin verdi i mangelfull og kontraktsmessig stand. Dersom særskilde grunnar talar for det, kan prisavslaget i staden setjast lik mangelen si betydning for kjøparen.

Heving

Dersom vara ikkje vert retta eller omlevert, kan kjøparen òg heve kjøpet når mangelen ikkje er uviktig.

11. Seljaren sine rettar ved kjøparen sitt brot

Dersom kjøparen ikkje betalar eller oppfyller dei andre pliktene etter avtalen eller lova, og dette ikkje skuldast seljaren eller forhold på seljaren si side, kan seljaren i samsvar med reglane i forbrukarkjøpslova kapittel 9, etter omstende, halde vara tilbake, krevje oppfylling av avtalen, krevje avtalen heva og krevje erstatning frå kjøparen. Seljaren kan òg, etter omstende, krevje renter ved forseinking i betaling, inkassogebyr og eit rimeleg gebyr ved ikkje-avhenta varer.

Oppfylling

Seljar kan halde fast ved kjøpet og krevje at kjøparen betalar kjøpesummen. Dersom vara ikkje er levert, taper seljaren sin rett dersom han ventar urimeleg lenge med å fremje kravet.

Heving

Seljar kan heve avtalen dersom det føreligg vesentleg betalingsbrot eller anna vesentleg brot frå kjøparen si side. Seljar kan likevel ikkje heve avtalen dersom heile kjøpesummen er betalt. Dersom seljar set ein rimeleg tilleggsfrist for oppfylling og kjøparen ikkje betaler innan denne fristen, kan seljar heve kjøpet.

Renter ved forseinking i betaling/inkassogebyr

Dersom kjøparen ikkje betalar kjøpesummen i samsvar med avtalen, kan seljar krevje renter av kjøpesummen etter forseinkingsrentelova. Ved manglande betaling kan kravet, etter føregåande varsel, bli sendt til inkasso. Kjøparen kan då verte halden ansvarleg for gebyr etter inkassolova.

Gebyr ved ikkje-avhenta, ikkje-forskotsbetalte varer

Dersom kjøparen unnlèt å hente ubetalte varer, kan seljar påleggje kjøparen eit gebyr. Gebyret skal maksimalt dekkje seljaren sine faktiske utlegg for å levere vara til kjøparen. Eit slikt gebyr kan ikkje påleggjast kjøparar under 18 år.

12. Garanti

Garanti gjeven av seljaren eller produsenten gjev kjøparen rettar i tillegg til dei kjøparen allereie har etter ufråvikeleg lovgjeving. Ein garanti inneber dermed ingen avgrensingar i kjøparen sin rett til reklamasjon og krav ved forseinking eller manglar etter punkt 9 og 10.

13. Personopplysningar

Behandlingsansvarleg for innsamla personopplysningar er seljar. Med mindre kjøparen samtykkjer til noko anna, kan seljar, i samsvar med personopplysningslova, berre innsamle og lagra dei personopplysningane som er naudsynte for at seljar skal kunne gjennomføre forpliktingane etter avtalen. Kjøparen sine personopplysningar vil berre verte utlevert til andre dersom det er naudsynt for at seljar skal få gjennomført avtalen med kjøparen, eller i lovbestemte tilfelle.

14. Konflikthandsaming

Klagar må rettast til seljar innan rimeleg tid, jf. punkt 9 og 10. Partane skal prøve å løyse eventuelle tvistar i minnelegheit. Dersom dette ikkje lukkast, kan kjøparen ta kontakt med Forbrukertilsynet for mekling. Forbrukertilsynet er tilgjengeleg på telefon 23 400 600 eller www.forbrukertilsynet.no.

Europa-kommisjonen sin klageportal kan òg nyttast dersom du ønskjer å leggje fram ein klage. Dette er særleg aktuelt om du er forbrukar busett i eit anna EU-land. Klagen vert innsendt her: http://ec.europa.eu/odr.