Webdesign for Indre Hordaland Miljøverk
Nettsida til IHM inneheld mykje informasjon. Det var viktig at den nye sida skulle vera tilpassa mobil, sidan over halvparten av oss brukar mobiltelefonen oftare enn pc til nettsurfing. Logolink analyserte kva folk flest lurar på når dei går inn på IHM sine nettsider, og framheva dette i den nye designen. Nettsida er også i tråd med den grafiske profilen me har utvikla for renovasjonsselskapet. Her finn du nettsida til Indre Hordaland Miljøverk.