Ny logo til "Gravplass i Voss"

Døden er eit tema me ikkje ofte møter i yrket vårt, bortsett frå gravsongar og minneord. Men då Gravplassforvaltninga i Voss herad hadde behov for logo og grafisk profil, fekk me tenkt gjennom problemstillingar rundt dette.

Gravplassforvaltninga har ansvaret for alle gravferder, uansett religion. Utfordringa var å laga ein logo som er nøytral og kan passa til alle trussamfunn, og samtidig visa eit tydeleg skilje frå den visuelle identiteten til Den norske kyrkja. Kan ein finna allmenngyldige symbol, universell fargebruk og formspråk som behandlar temaet med respekt? For oss var dette ein interessant og lærerik prosess. 

Følg oss!

Sjå fleire blogginnlegg frå ditt reklamebyrå på Voss