Logolink - reklame og designbyrået på Voss
Logolink AS vart starta i 2007 av Inge Draugsvoll og Anne-May Hofseth, og året etter vart Wenche Carlisle på laget. I 2024 vart Kristoffer Larsen medeigar, og i dag er det han og Anne-May som eig og driv selskapet. Kombinasjonen av bransjeerfaring, kreativitet og pågangsmot har gitt oss mange og varierte kundar, og store oppdrag. Vår hovudoppgåve er å formidle kunden sin bodskap på ein tydeleg og kreativ måte, gjennom god design og gjennomtenkte løysingar. Å bruka oss skal vera ei lønsam investering, gjennom profesjonelle og gjennomtenkte produkt og tenester. Treng du hjelp til marknadsføring, visualisering, ny nettside eller liknande? Me har ei praktisk tilnærming til alle oppdrag - rett på sak for å innfri dine forventningar og krav. Hjå oss er ingen kundar for store og ingen for små. Velkomen til Logolink når noko skal skapast!
Tilsette
Hei! Me er fire dedikerte fagfolk med variert og solid kompetanse, klare til å løfte prosjektet ditt med gjennomtenkt design, visualisering, marknadsføring og produksjon – alt til konkurransedyktige prisar. Har du ei utfordring til oss, eller lurar på noko – kontakt oss eller kom innom for ein prat på kontoret vårt midt på Vangen. Velkomen!
Våre kundar
Me utfører tenester for mange ulike kundar. Her er nokre av dei.