Tilsette
Me er ein gjeng på tre positive, innovative og dyktige designarar.
Logolink AS vart starta i 2007 av Inge Draugsvoll og Anne-May Hofseth som eig og driv selskapet. Året etter vart Wenche Myhre Carlisle på laget. Kombinasjonen av bransjeerfaring, kreativitet og pågangsmot har gitt oss mange og varierte kundar, og store oppdrag. Vår hovudoppgåve er å formidle kunden sin bodskap på ein tydeleg og kreativ måte, gjennom god design og gjennomtenkte løysingar. Å bruka oss skal vera ei lønsam investering, gjennom profesjonelle og gjennomtenkte produkt og tenester. Treng du hjelp til marknadsføring, visualisering, ny nettside eller liknande? Me har ei praktisk tilnærming til alle oppdrag - rett på sak for å innfri dine forventningar og krav. Hjå oss er ingen kundar for store og ingen for små. Velkomen til Logolink når noko skal skapast!
Me er ein gjeng på tre positive, innovative og dyktige designarar.
Me utfører tenester for mange ulike kundar. Her er nokre av dei.