Tekst og kommunikasjon

tekst kommunikasjon 2016 

Tekst og kommunikasjon

Eit stort fagfelt – og me fuskar i faget. Kvar einaste dag skal me vurdera tekstar og verkemiddel. Det gjev oss tru på at me òg kan tilby tekstarbeid som ei teneste. Me er ofte innom språkvask og omskriving av meir eller mindre gjennomarbeidde tekstar frå kundane våre. Me lagar slagord og vrir og vrengjer på setningar, slik at dei skal passa i samanhengen. Me forfattar tekstar for kundar, ut frå stikkord eller samtalar. Kort sagt, Logolink er ikkje berre ei designbedrift, me er òg ein språkverkstad. Og der me eventuelt møter veggen har me konsulentar å ty til, t.d. når det er snakk om andre språk enn norsk. Tekstforfatting, språkvask, omsetting, idé og slagord, strukturering og planlegging, val av stil, verkemiddel og skrifttypar m.m.; kontakt oss!