Vegtilsynet kom til oss med utfordringa: Korleis forklara arbeidet dei gjer på ein enkel, engasjerande og overbevisande måte? Og kan det lagast eit produkt som gjer det enklare for Vegtilsynet å dela sine erfaringar?
Vegtilsynet er eit forvaltningsorgan underlagt Samferdselsdepartementet. Dei fører tilsyn med at Statens vegvesen og Nye veier AS følgjer krav til sikkerheit på riksvegane. Eit viktig og kompleks arbeid med mange detaljar. Me har difor forenkla bodskapen tekstmessig og visualisert dette gjennom animasjonsfilmar. Slik fungerer dei ulike videosnuttane som introduksjon til Vegtilsynet sine arbeidsoppgåver og samfunnsoppdrag, gjerne under foredrag eller presentasjonar til andre fagområde eller politikarar. Andre bruksområde er e-læring og sosiale medium. Filmane er basert på grafiske illustrasjonar som me utarbeidd i ein gjennomført fargeskala. Kombinert med strukturert og forenkla tekst som kjapt kan oppfattast, dannar dette eit gjenkjennande preg på filmane.
Me takkar så mykje for oppdraget.