Voss Sparebank - Timelapse video

 

Timelapse video for Voss Sparebank

Voss Sparebank ville ha ein kinoreklame i form av ein kort film som også kunne brukast i andre samanhengar. Me kom opp med idéen om å visa Voss gjennom 4 årstider på ein svært komprimert måte ved bruk av "timelapse" eller tidsforløp. Voss Sparebank kallar seg for "Vossabanken" og er ein lokal bank, og ein lokal bidragsytar i ei rekkje samanhengar. Så stikkorda vart Voss, idrett og kultur, årstider og banktenester. Me laga tre videoar, ein på 20 sekund til kinoreklame, ein på 1 minutt (den du kan spela av på denne sida), og ein på 2 minutt. Eit kjekt oppdrag med tusenvis av enkeltbilde, og ein del timar frisk luft ute frå kontoret.